Author

Topic: Bergen 18. februar (Read 3715 times)

newbie
Activity: 1
Merit: 0
February 14, 2015, 08:51:57 PM
#4
Jeg kommer! Bra å se at det skjer noe i Bergen også.
newbie
Activity: 5
Merit: 0
February 13, 2015, 03:59:19 PM
#3
Har ventet på dette - jeg blir med. Det var noen få som var interessert i å ta en Meetup i fjor men det gikk desverre ikke. Kanskje en ide er å legge møtet ut på Meetup.com ?
sr. member
Activity: 444
Merit: 250
February 13, 2015, 07:43:32 AM
#2
Glad for dette initiativet, jeg kommer. Greit for oss som ikke kan dra til Oslo på meetup-en som er der to dager senere :-)
legendary
Activity: 1437
Merit: 1002
https://bitmynt.no
February 13, 2015, 06:54:13 AM
#1
Eg skal til Bergen ein tur i vinterferien, og tenkte å arrangere eit lite treff når eg likevel er der.   For eit år sidan heldt eg foredrag på Studentersamfunnet i Bergen, og vart overraska over kor mange som kom og slo av ein prat etterpå.  Eg vonar det kjem like mange denne gongen!

Tid: Onsdag 18. februar klokka 18 til det stenger.
Stad: Henrik øl- og vinstove eller Konrads kåk dersom Henriks vert for bråkete.
Agenda: Mva og skatt er det som opptek meg mest om dagen, men ordet er fritt!

Legg gjerne att ei melding i tråden her om du har tenkt å komme, slik at eg får ein idè om kor mange vi vert, og annonser gjerne i større fora.

Eg vurderer å kontakte media om mva-problemet, med ei svært god sak: Skatt vest har innført dobbel mva ved bruk av bitcoin som betalingsmiddel.  Dersom vi vert mange vil eg gjerne invitere ei avis til treffet for å fortelle om problema, med atterhald om at dei spør kvar enkelt som er til stades før dei publiserer bilete eller annan info.  Nettopp skatteproblematikk gjer at mange ynskjer å halde låg profil, og det har eg all mogeleg respekt for.  Det er faktisk eit poeng i seg sjølv at Skatteetaten held mykje av aktiviteten under jorda ved å gjere det umogeleg å rekne på skattemessige konsekvensar av mange former for handel med bitcoin.
Jump to: