Kan godt forstå at du forsøger at holde norske bruger væk fra CCEDK
Du prøvar å lure folk til å sende deg NOK i den tru at det er ei SEPA-overføring, noko det ikkje er. Det er uærleg. Kvifor du ynskjer å lure norske kundar veit eg ikkje, men eg merkar meg at du går rett på personåtak i staden for å prøve å forsvare svindelen din.
, når jeg ser du selv handler btc i Norge og oven i købet til højere pris end CCEDK sælger til:
Gjeldande kursar pr 2015-02-13 17:07:52
Mine kursar i NOK for handel på IRC:
kjøp: 1819.8920 sal: 1856.3071
Det er ikkje sant. Sovidt eg ser ligg det ein einaste ordre inne for NOK/BTC på CCEDK. Nokon som byr 1500 for totalt 0.05322666 BTC. Eg klarar ikkje å finne ut kva CCEDK skal ha i gebyr for det, men det er i alle fall ein latterleg kurs. Bankgebyr kjem i tillegg. Eg tek ingen gebyr.
Kursen min er svært god. Kor mange kroner må du ut med for 50 BTC på CCEDK når alle gebyr er betalt? Eg trur ingenting på at CCEDK er billigare. Sjølv ikkje for nokre få milli-BTC, sidan størstedelen då vert bankgebyr. Eg tek ingen gebyr.
Taget fra din egen hjemmeside. Hvor er kontakt person, adresse, firma registrering etc.?
Det er den andre lenka på sida.
Så denne snak kommer fra en der tydeligvis ikke har rent mel i posen. CCEDK gemmer sig ikke og kan kontaktes 24 timer hver dag via mail, telefon, skype etc.
Eg har veksla bitcoin mot norske kroner sidan 2010, til svært god kurs. Eg har aldri gøymt meg, og det står på sida korleis du kan kontakte meg personleg på IRC, e-post og vanleg brevpost. Telefonar ynskjer eg ikkje, so telefonnummeret må du slå opp i telefonkatalogen. Om natta søv eg, men du kan gjerne skrive ei melding på IRC eller e-post som eg les når eg vaknar. Eg har oppgitt alt eg skal til Skatteetaten og har aldri prøvd å lure nokon.
Salg på samme tid på CCEDK ville være NOK 1819 i salg og ikke i køb, så du er godt nok smart, bliv du bare ved med det. Der skal nok være en hel del klogere nordmænd end digselv der kan find ud af at snakke med deres bank om hvad omkostninger de måtte have ved overførsel via SEPA, kontra hvad omkostninger de måtte have ved at sende NOK til eksemplevis Danmark, eller Sverige for den sags skyld, så vil du se at det er både billgere og hurtigere med SEPA.
Eg har som sagt handla med bitcoin sidan 2010. Både med nordmenn og folk frå heile resten av verda. Eg manglar framleis nokre afrikanske land, eit par i sentral-Asia, to i Sør-Amerika og dei minste fyrstedøma i Europa, men vil tru eg har meir erfaring med pengeoverføring til og frå utlandet enn dei fleste her. Inkludert deg.
Poenget er at du prøvar å lure folk til å tru at dei kan sende NOK via SEPA, men det går ikkje. Då vert det ei SWIFT-overføring med tilhøyrande gebyr. Grensesnittet i nettbanken er som regel likt. Du må vite dette for å unngå gebyr.