Author

Topic: Movember (Read 563 times)

legendary
Activity: 1437
Merit: 1002
https://bitmynt.no
November 08, 2013, 01:55:08 PM
#1
Det er Movember att.  Den månaden i året då ein kan lure på om trønderane har teke over nasjonen.  Dei er ikkje trønderar alle saman.  Mange er vanlege folk som støttar arbeid mot prostatakreft, blant anna.

Eg har sett opp ei adresse der du kan donere til kampanjen.  Bitcoin-donasjonar vert automatisk veksla til norske kroner og donert manuelt av meg.  Det er heilt transparent.  Du kan sjølv kontrollere at alle transaksjonar er med og at pengane kjem fram.  Donasjonar er av natur anonyme, og dei får ekstra god kurs.  Beste bod på MtGox konvertert til NOK med siste kurs frå Noregs Bank utan gebyr av noko slag.  Eg snekra saman dette på kort tid no nettopp, og det er sikkert småfeil som må rettast, men alle donasjonar skal komme fram.

Dersom det er interesse vil eg setje opp tilsvarande tenester for anonyme donasjonar til andre gode saker, til dømes Digitalt Personvern.  Problemet er at det grensar mot ei betalingsteneste, og eg må undersøke kor langt eg kan gå som privatperson utan lisens for denslags.  Min personlege overleppepryd reknar eg som ein del av mi private sfære, og ikkje næringsmessig aktivitet.
Jump to: