Eg får ein del spørsmål om uttak frå MtGox på IRC, og tenkte å oppsummere det eg veit. Det vert litt detaljert, men folk spør om mykje rart..
Den raskaste måten å ta ut pengar til ein norsk bankkonto er EUR via SEPA. For å kunne ta ut EUR må du ha EUR på MtGox. Dersom du har andre valutasortar du ynskjer på ta ut, må du først kjøpe bitcoin for pengane og selje bitcoina for EUR for å få EUR på MtGox-kontoen. Ein vanleg verifisert kunde kan ta ut opp til 10000 EUR om dagen og 50000 EUR i månaden. I utgangspunktet er grensa berre 1000 EUR om dagen. For å få heva denne må du be support om å gjere det. Det er som regel gjort på timen, avhengig av tid på døgeret. For å kunne ta ut meir enn 10000 EUR om dagen må du levere papir med notarius- og apostillestempel. Det er diskutert i
denne tråden.
Før du legg til ein konto er det lurt å sjekke om han kan motta SEPA-betalingar direkte. Då må banken vere med i TARGET2. Ikkje alle bankar er det, og dei kan ikkje MtGox sende til. Det er ein hendig måte å slå det opp på via APIet. (MtGox har API for alt.) Her har eg brukt DNB og Skandiabanken som døme. DNB er med i TARGET2. Skandiabanken er ikkje med i TARGET2. (Skandiabanken bør generelt ikkje brukast til utanlandsbetaling, men årsakane til det tek eg heller i ein annan tråd.) Forretningsbankar er som regel med i TARGET2. Dei fleste sparebankar er det ikkje.
https://mtgox.com/api/2/money/swift/details?swift=DNBANOKK&prettyhttps://mtgox.com/api/2/money/swift/details?swift=SKIANOBB&prettyErstatt SWIFT-adressa i URLane over med den du har i banken din og sjå etter denne strengen:
"sepa_transfer": trueNår du legg til kontoen (Funding options, Withdraw funds, Add withdraw method, Bank transfer, IBAN) må du passe på at det står "European (EURO)" som metode. Dersom det står "International wire" bør du sjekke på nytt om banken er med i TARGET2. Det er lurt å endre LABEL til noko kort og forståeleg som inkluderer SEPA eller Euro, i tilfelle du vil leggje til den same kontoen for vanleg internasjonal overføring seinare når MtGox har fått det i orden.
OBS: Dersom du prøvde å leggje til ein konto på denne måten før 25. august, bør du prøve på nytt no. Fram til søndag 25. august var SEPA avgrensa av:
if ($country['EU']) ...
Eg forklarte MagicalTux på IRC at SEPA er EU + EØS (ingen i EU har høyrt om EØS), Monaco og Sveits. Og då fiksa han det ganske kjapt:
14:06 guess I need an extra field then
14:08 Yep.
14:11 When do you think you can have it done?
14:12 already added the field, now needs some code
14:14 eating sushi at the same time
14:15 https://mtgox.com/api/2/money/swift/details?swift=DABANO22 <- now shows sepa
14:16 \o/
14:17 * sturles adds his account again to test..
14:21 Seems to work. Thank you!
Nuvel. Dei fleste har sikkert hørt at uttak frå MtGox tek tid. Det kan dei gjere, men det er mogeleg å optimalisere om du kjenner køysytemet. For SEPA har MtGox ein kvote på 120000 EUR om dagen i banken sin, og då vert det kø. Køa er kortare no enn på lenge, og ho er ordna slik:
- Uttak under 1000 EUR får prioritet og går som regel ut neste yrkedag.
- Uttak mellom 1000 og 30000 EUR går som regel på ca 4-5 yrkedagar.
- Uttak over 30000 EUR har veldig låg prioritet. Del heller opp i mindre porsjonar.
- OBS: Når du har gjort eit uttak tek det 10-20 yrkedagar før du får utført neste uttak.
Den siste opplysninga der er viktig å ha i bakhovudet. Eitt stort uttak (under 30000 EUR) er betre enn fleire små. Fleire små vil ta veldig lang tid. Det første kjem med ein gong, og deretter går det 2-3 veker mellom kvar gong du mottek pengar. Nøyaktig kor mange dagar du må vente er avhengig av lengda på den generelle køa for uttak på 1000-30000 EUR.
Vonar dette var nyttig for nokon. Eg svarer gjerne på spørsmål. (PS: Eg anar ikkje kor lang "international wire" tek, men sovidt eg forstår er ventetida fleire månader.)