Edit: Bare et ord om vekslingen som du prater om. Som vi vet er den retningsgivende kursen MtGox USD/BTC, så om du ta tilbyr en norsk vekslingskurs for norske kunder, så tar du etter all sannsynlighet en kurs som gir deg en viss profitt, du sier at du ligger på 2-2.5% her, noe som er kurant, men da er altså vekslingsgebyret innbakt i prisen om en kan si så.
Eg tek inn ein viss margin på begge sider. Normalt må eg kjøpe inn bitcoins på MtGox. Dei er dei einaste med nok likviditet til at eg kan tilby ein so låg margin. Då er MtGox ein naturleg referansekurs. For å kjøpe på MtGox må eg både betale gebyr for overføring (fast sum + overkurs) og for handel på MtGox. I tillegg sit eg med ein del valutarisiko som ofte er i min disfavør etter kvart som USD svekkar seg i høve til NOK. Som regel er fortenesta mi på berre ca 1% etter fråtrekk av alle gebyr, og om eg har hatt uflaks med kursen på overføringstidspunktet kan eg sitje att med tap. (Etter eit par runder med slik uflaks heva eg marginen min for sal frå 2% til 2,5%.) Målet mitt er ikkje forteneste, men eg vil heller ikkje tape pengar på å gjere Bitcoin lett omsetteleg for norske kroner.
Eg kan sjølvsagt ha flaks og få tak i bitcoin til lågare kurs enn på MtGox. Då er fortenesta høgare. Evt at eg tek bitcoins frå eit buffer, satsar på at kursen går ned og legg inn eit lågare bod på MtGox. Men det er med stor risiko. Dersom kursen går opp, må eg kjøpe inn til ein høgare kurs enn eg selde for når eg skal fylle opp att bufferet. Alt dette meinar eg er mi forteneste, mitt tap og min risiko. Eventuell forteneste her må etter mi meining (men kanskje ikkje Skatteetaten si) vere kapitalinntekt som ved aksje- eller valutahandel.
Jeg kjenner ikke til lovverket her, men ei vekslingsbu som f.eks. veksler norske kroner mot EUR eller USD før man skal ut på ferie må nødvendigvis tjene penger, og det gjør de på å ta en overkurs ifht. den retningsgivende kurs, og jeg antar at det er den overkursen som man skal betale MVA av, om da skatteetaten godkjenner det.
Det er ikkje mva av overkurs for pengeveksling. Når eg sender pengar til utlandet og mottek pengar frå utlandet same dag i banken, brukar banken ulik vekslingskurs alt etter om pengane går inn eller ut. I somme bankar (spesielt Skandiabanken) er denne differansen høg. Men det står ingen stad på kvitteringa frå banken at eg har betalt mva for den differansen. Det skal spesifiserast dersom eg har gjort det. I Lov om meirverdiavgift er det
fritak for finansielle tenester.
Det er "omsetning av gyldige betalingsmidler" som er hyssingen vi må prøve å gripe tak i.
For å finne ut kva dei meinar med
betalingsmidler, må vi til forarbeida til lova. I
Ot.prp. nr. 2 (2000-2001) står m.a.:
Jeg vil også anta at dersom man driver en bedrift som driver veksling, så skal mva tydelig merkes på en evt. kvittering ?
Mva skal alltid merkast tydeleg på kvitteringa, ja.