Pages:
Author

Topic: Høyring i Stortinget om Stortingsmelding nr 4. (Read 26602 times)

full member
Activity: 182
Merit: 108
Takk for all innsats sturle!

Noen som vet noe om regler for beregning av kostnad på en "minet" bitcoin? Dvs. hvordan skal gevinst beregnes på mining?
Venter på svar fra skatteetaten på dette, spent på svaret.

Angrer litt i grunn på at jeg tok kontakt Tongue

Gi gjerne en oppdatering når du får svar fra skatteetaten på dette, tror alle vil ha nytte av den informasjonen  Smiley

PS. Bra jobbet Sturle!
 
member
Activity: 248
Merit: 12
Voronkov Ventures accelerator of pre-seed projects
Sturle, hva tenker du om internasjonalt samarbeid? Jeg bor begge i Norge og Russland og vi starter i Russland organisasjon om Crypto og blockchain. Så kanksje vi kan gjøre noen ting sammen.
Eg er veldig skeptisk til å drive nokon som helst form for forretningar med tilknytning til Russland.  Mange har prøvd, og dei ender som regel med at alt dei har bygd opp i Russland vert stole.  Russland er ikkje ein rettsstat.  Den vanvittige korrupsjonen og byråkratiet gjer det heller ikkje enklare.  Forretningar med Russland kan òg gjere det vanskelegare å få gode avtaler med bankar, på grunn av dei store problema med kvitvasking.  Eg orkar kort og godt ikkje den typen komplikasjonar som kan dukke opp i slike land.

Eg har ei intensjonsavtale om samarbeid med eit tysk selskap som driv med betalingsformidling med Bitcoin i EU, med atterhald om at mva-problematikken vert løyst.  Europa får halde førebels.

Ja, jeg forstår det. Vi bygger nå projekt i Russland og vi har slik problemmer. Men vi trenger mer tilknytning til Norge og annen landene til jobbe sammen.
Også vi skal gjøre noen til forandre situasjonen i Russland.
 
legendary
Activity: 1437
Merit: 1002
https://bitmynt.no
Sturle, hva tenker du om internasjonalt samarbeid? Jeg bor begge i Norge og Russland og vi starter i Russland organisasjon om Crypto og blockchain. Så kanksje vi kan gjøre noen ting sammen.
Eg er veldig skeptisk til å drive nokon som helst form for forretningar med tilknytning til Russland.  Mange har prøvd, og dei ender som regel med at alt dei har bygd opp i Russland vert stole.  Russland er ikkje ein rettsstat.  Den vanvittige korrupsjonen og byråkratiet gjer det heller ikkje enklare.  Forretningar med Russland kan òg gjere det vanskelegare å få gode avtaler med bankar, på grunn av dei store problema med kvitvasking.  Eg orkar kort og godt ikkje den typen komplikasjonar som kan dukke opp i slike land.

Eg har ei intensjonsavtale om samarbeid med eit tysk selskap som driv med betalingsformidling med Bitcoin i EU, med atterhald om at mva-problematikken vert løyst.  Europa får halde førebels.
member
Activity: 248
Merit: 12
Voronkov Ventures accelerator of pre-seed projects
Selv om det neppe ble berørt i denne høringen, så er det største politiske spørsmålet produksjon av elektrisitet og avgifter på dette.
Nei, det er heilt på sida.  Kina har bygd massevis av gigantiske vasskraftverk dei siste åra.  Under Tibet-platået har dei potensiale for vasskraft tilsvarande heile dagens kraftforbruk i Kina.  Problemet er at dei ikkje har kraftnett til å transportere denne krafta til forbrukarane, so denne krafta får du nesten gratis dersom du er der ho vert produsert.  Bitcoin-produsentane kan lett flytte utstyret sitt til der krafta vert produsert, og dei plasserer seg naturlegvis der.

I Noreg har vi eit godt utbygd kraftnett.  Du kan kanskje finne eit eller anna lite hytte-kraftverk som er avslått når ingen er der, men store mengder stranda kraft, som i Kina, får du ikkje tak i.

Du kan alltids inngå avtale med ein kraftverk-eigar om å plassere utstyr der.  Han betaler berre nettleige for den krafta han leverer til nettet, og du betaler berre avgifter for den krafta du får levert frå nettet.  Det er dessutan rabattar for stort forbruk som er lokalisert nær produksjon, og datasenter får avslag i elektrisitetsavgifta.  Når straumprisen er låg, som han har vore mykje i det siste, skulle det ikkje vere noko økonomisk i vegen for å produsere bitcoin her i landet.  Det vert mva på dei bitcoina du produserer og sel..

Om digital valuta er fremtiden, er billig energi avgjørende. Fint om politikken først kunne handle om hvordan vi baker kake før den henger seg opp i hvordan den skal fordeles.
I dette tilfellet er det allereie avgjort korleis kaka vert fordelt, og det er ikkje nokon økonomiske hinder i vegen for å produsere bitcoin i stor skala her i landet.  Problemet er kanskje at andre vil betale meir for straumen enn deg, og då vil sjølvsagt kraftprodusenten selje til nokon andre i staden.  Det er slik ein marknadsøkonomi fungerer..

Samme ting i Russland med kraftnett.
member
Activity: 248
Merit: 12
Voronkov Ventures accelerator of pre-seed projects
Finanskomiteen på Stortinget held opa høyring den 15. desember om Stortingsmelding nr 4 2015-2016: Bedre skatt. En skattereform for omstilling og vekst.  Eg er invitert til høyring som representant for Elektronisk forpost Norge.

Eg har fem minutt til å ta opp viktige spørsmål om korleis bitcoin, kryptovaluta, kryptoaksjar og liknande bør passast inn i denne skattereformen.  Blant framlegga er mva eller marginavgifter på finansielle tenester.  Dvs at Noreg får eit heilt anna system enn EU.

Eg kjem til å ta opp dei utfordringane vi har møtt, og komme med konkrete framlegg til løysingar på dei.  Eg har berre fem minutt, og vil ha inn mest mogleg kort og konsist på ei A4-side som skal delast ut til komiteen.  Dette må vere ferdig før klokka 12 dagen før.  Les stortingsmelidinga, spesielt kapittel 11 og 14, og kom med innspel!

Eg kjem først og framst til å ta opp mva-problematikken.  Eg kjem òg til å ta opp den internasjonale karakteren til kryptovaluta, og kor vanskeleg det kan vere å plassere transaksjonar geografisk når ein skal definere import/eksport.  Eg kjem til å be om ei klagenemnd der ein kan ta opp prinsipputtaler og liknande frå Skattedirektoratet når ein meinar at dei tek feil, utan å måtte bryte med vedtaket og gå til rettssak mot Skatteetaten med risiko for å miste hus og heim.  Eg kjem òg til å ta opp framlegget frå departementet om at berre selskap som er konsesjons- eller meldepliktige til Finanstilsynet vil få pålagt marginavgifter.  Det bør vere arten av tenesta som vert utført som avgjer om ei teneste er avgiftspliktig eller ikkje.  Elles får vi ei gråsone av selskap som kan yte tilsvarande tenester som konsesjonspliktige føretak, utan å vere mva- eller marginavgiftspliktige, og eit prematurt press på regulering av den bransjen som er i direkte konkurranse med avgiftspliktige føretak.  Og ikkje minst kjem eg til å påpeike at avgifter må ta omsyn til at kryptovaluta-bransjen er internasjonal, og ikkje skade konkurranseevna eller gjere det byråkratisk tyngre å drive i Noreg enn i utlandet.  Dersom veksling mellom kryptovaluta og tradisjonell valuta kan gjerast avgiftsfritt i utlandet, vil det skade næringa i Noreg.  Og Skatttedirektoratet må få tidsfristar – eg ventar framleis på svar på spørsmål eg sendte dei i 2011.

Og meir, men eg må tenkje litt meir, prioritere og fatte meg kort og konsist med konkrete framlegg.

Sturle, hva tenker du om internasjonalt samarbeid? Jeg bor begge i Norge og Russland og vi starter i Russland organisasjon om Crypto og blockchain. Så kanksje vi kan gjøre noen ting sammen.
For eksempel hvis lov i forskjellige landene kan blir samme for cyrptovaluta det kan gjør livet lettere.
Der kan blir noen samarbed om konferanser og projekter.
full member
Activity: 228
Merit: 100
Forsiktig positivt, altså..
legendary
Activity: 1437
Merit: 1002
https://bitmynt.no
Ingenting, dessberre.  No purrar Sveinung Rotevatn (V) på litt høgare nivå, og eg vonar det fører til snarleg resultat: https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Sporsmal/Skriftlige-sporsmal-og-svar/Skriftlig-sporsmal/?qid=66127
Eg ser spørsmålet nyleg er sendt inn. Det blir spanande å sjå kva svaret blir!
No står svaret der.  Eg siterer heile:

Quote from: Siv Jensen
Siv Jensen: Skattedirektoratet har uttalt at dei ser på omsetning av bitcoin som ei meirverdiavgiftspliktig teneste. Finansdepartementet har uttalt til Skattedirektoratet at det er mykje som taler for at Noreg på dette feltet bør ha lik praksis som dei andre EØS-landa.

Som vist til i spørsmålet, har EU-domstolen i si avgjerd C-264/14 konkludert med at tenester som gjeld veksling av bitcoin er omfatta av eit liknande unntak for finansielle tenester i EU-retten. Etter oppdrag frå Finansdepartementet har difor Skattedirektoratet vurdert meirverdiavgiftsbehandlinga av digital valuta på nytt.

Spørsmålet ligg etter dette til vurdering i Finansdepartementet. Departementet vil gjere sitt syn kjend så snart denne vurderinga er ferdigstilt.

Utan å forskuttere departementet si vurdering, vil eg likevel gjenta synet om at det er gode argument for å hevde at avgiftsbehandlinga bør vere den same innanfor EØS-området.
sr. member
Activity: 312
Merit: 250
Er det noko oppdatering i forhold til lovgiving og skatt når det gjeld kryptovaluta i Noreg? Stå på Sturle, du gjer mykje bra arbeid!
Ingenting, dessberre.  No purrar Sveinung Rotevatn (V) på litt høgare nivå, og eg vonar det fører til snarleg resultat: https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Sporsmal/Skriftlige-sporsmal-og-svar/Skriftlig-sporsmal/?qid=66127

Eg ser spørsmålet nyleg er sendt inn. Det blir spanande å sjå kva svaret blir!
legendary
Activity: 1437
Merit: 1002
https://bitmynt.no
Er det noko oppdatering i forhold til lovgiving og skatt når det gjeld kryptovaluta i Noreg? Stå på Sturle, du gjer mykje bra arbeid!
Ingenting, dessberre.  No purrar Sveinung Rotevatn (V) på litt høgare nivå, og eg vonar det fører til snarleg resultat: https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Sporsmal/Skriftlige-sporsmal-og-svar/Skriftlig-sporsmal/?qid=66127
sr. member
Activity: 312
Merit: 250
Er det noko oppdatering i forhold til lovgiving og skatt når det gjeld kryptovaluta i Noreg? Stå på Sturle, du gjer mykje bra arbeid!
legendary
Activity: 1437
Merit: 1002
https://bitmynt.no
Takk for all innsats sturle!

Noen som vet noe om regler for beregning av kostnad på en "minet" bitcoin? Dvs. hvordan skal gevinst beregnes på mining?
Venter på svar fra skatteetaten på dette, spent på svaret.

Angrer litt i grunn på at jeg tok kontakt Tongue
Lukke til.  Dette spurde eg om i 2011.  Skattedirektoratet har saka. Grin
sr. member
Activity: 324
Merit: 250
Takk for all innsats sturle!

Noen som vet noe om regler for beregning av kostnad på en "minet" bitcoin? Dvs. hvordan skal gevinst beregnes på mining?
Venter på svar fra skatteetaten på dette, spent på svaret.

Angrer litt i grunn på at jeg tok kontakt Tongue
legendary
Activity: 1284
Merit: 1001
7-åringen, som kom heim frå skulen for litt sidan, rullar rundt på sofaen og klarar ikkje å slutte å le av det biletet.. Embarrassed
Du er nesten på toppen av nettutgaven, gratulerer Wink http://www.firdaposten.no/

Men jeg har sett mye verre varianter.
legendary
Activity: 1437
Merit: 1002
https://bitmynt.no
Det er ein artikkel i Firdaposten i dag.  Eg bladde opp og fann eit gigantisk arkivbilete frå Movember 2013 (eg aksepterte donasjonar til Movember-barten med bitcoin).  Det var sopass sjokkerande at eg ikkje har tort å opne avisa att.
7-åringen, som kom heim frå skulen for litt sidan, rullar rundt på sofaen og klarar ikkje å slutte å le av det biletet.. Embarrassed
legendary
Activity: 1437
Merit: 1002
https://bitmynt.no
Blanding av intervju med Sturles og omtale av moms-saken.
Hyggelig vinkling Smiley

http://www.nrk.no/sognogfjordane/vil-ha-momsfritak-for-digitale-myntar-1.12768524
Eg er ganske nøgd, men tykkjer fokuset er litt feil.  Journalisten ville absolutt vite kor mange bitcoin eg hadde, eller kor mykje eg hadde tent på dette til no.  Om det var hundre tusen eller ein halv million eller mange millionar.  Eg svarde mellom ein halv million og mange millionar, men dette er ikkje forteneste eg berre kan ta ut.  Av og til sel eg netto 100 BTC på ein dag, andre dagar kjøper eg netto 100 BTC på ein dag.  Eg må ha buffer for å handtere begge deler.  Det der kom ikkje fram i artikkelen.  Samt at den roboten som tente meir på ein månad enn eg gjorde på eit år, gjekk på MtGox.  Han dreiv fleir-valutahandel i kopla ordrebøker, som berre kunne gjerast der, og utnytta at MtGox regulerte valutakursane sine ein gong i døgeret, 12 timar etter at dei nye kursane MtGox brukte var publisert av ECB.  Vi var berre to som hadde oppdaga dette, og dermed var det gode pengar å tene.  Uansett vart mesteparten av fortenesta liggjande att i Japan. Sad  No er det so mange robotar om beinet på børsane med god nok likviditet at avkastninga på investert kapital vert for liten.

Det er ein artikkel i Firdaposten i dag.  Eg bladde opp og fann eit gigantisk arkivbilete frå Movember 2013 (eg aksepterte donasjonar til Movember-barten med bitcoin).  Det var sopass sjokkerande at eg ikkje har tort å opne avisa att.  Eg har ikkje ikledd meg bart korkje før eller sidan. Embarrassed
full member
Activity: 228
Merit: 100
Blanding av intervju med Sturles og omtale av moms-saken.
Hyggelig vinkling Smiley

http://www.nrk.no/sognogfjordane/vil-ha-momsfritak-for-digitale-myntar-1.12768524
legendary
Activity: 1437
Merit: 1002
https://bitmynt.no
Quote from: sturle
I dette tilfellet er det allereie avgjort korleis kaka vert fordelt, og det er ikkje nokon økonomiske hinder i vegen for å produsere bitcoin i stor skala her i landet.  Problemet er kanskje at andre vil betale meir for straumen enn deg, og då vil sjølvsagt kraftprodusenten selje til nokon andre i staden.  Det er slik ein marknadsøkonomi fungerer..
Vi har en blandingsøkonomi med sterk statlig deltagelse (f.eks med tilrettelegging) og et enormt potensiale for høy kraftproduksjon. Det mest akutte problemet er at vi som energiprodusent satser for mye på oljen og for lite på vannkraften. Nå ville satsing på kraft stort sett handle om å eksportere renere kraft til Europa og mindre om elektriske penger, men hvorfor skulle vi ikke være i verdenseliten her?
Noreg er ikkje ein spesielt stor kraftprodusent i verdsmålestokk, og det aller meste av potensialet for billig kraft (vasskraft med stort nedbørsfelt og stor fallhøgde) er allereie utbygd.  Vi har nettoeksport i dei fleste år, er nettoimportør i andre.  I gjennomsnitt er balansen grei.  Sidan 2000 har Noreg eksportert ca 5,5 TWh per år i gjennomsnitt.  Ca 4% av produksjonen, som er eit lite buffer når produksjonen er sopass veravhengig som han er.  Til samanlikning har Tyskland hatt ein nettoeksport på over 60 TWh dei siste par åra.  Det tilsvarer nesten halvparten av den totale kraftproduksjonen i Noreg i eit normalår.

Vi kan byggje ut mykje vindkraft, men det er for dyrt til den bruken du har tenkt deg.

Den viktigaste kjelda vi har til ny billig straum no, er import av overskotsproduksjon frå store vindkraftprodusentar, som Danmark, Sverige og Tyskland.  Sidan vi kan regulere det meste av produksjonen vår, kan vi foredle den til dyrare straum ved å lagre og levere vår på eit anna tidspunkt.  Der ligg nok det største inntektspotensialet for norsk vasskraft.  Sidan vi kan lagre krafta, vert ikkje prisen like låg her i landet.  I staden konkurrerer kraftprodusentane om å kjøpe krafta for å pumpe vatn frå låge magasin med stort nedbørsfelt opp til høgare magasin med større fallhøgde og mindre nedbørsfelt.  Der kan krafta lagrast lenge i påvente av mindre vind og høgare prisar.

Skal du ha billig straum, må du finne kraft som er stranda på eit eller anna vis.  Mange stader i Nord-Tyskland og i Danmark kan du av og til finne stranda vindkraft.  Dvs når vindturbinane produserer meir enn straumnettet er i stand til å frakte ut til kundar som vil betale.  Den får du gratis eller veldig billig.  Til tider kan du faktisk få betalt for å bruke krafta.  Problemet er at ein slik situasjon oppstår ganske sjeldan.  I Kina, derimot, der dei stadig opnar vasskraftverk som åleine produserer meir kraft enn heile Noreg til saman, utan å byggje ut straumnettet eller industrien tilsvarande, der finn du mykje av det.  Dei produserer heile tida, og er difor eit mykje betre val.  Finn eit kart og samanlikn Tibet-platået, som er nedbørsfeltet til kinesisk vasskraft, med det norske høgfjellet.  Vi snakkar om heilt andre dimensjonar.

No har vi divergert heilt frå temaet for denne tråden, so det er nok betre å halde fram ordskiftet i ein ny tråd.
newbie
Activity: 9
Merit: 0

Jump to: