Finanskomiteen på Stortinget held opa høyring den 15. desember om
Stortingsmelding nr 4 2015-2016: Bedre skatt. En skattereform for omstilling og vekst. Eg er invitert til høyring som representant for Elektronisk forpost Norge.
Eg har fem minutt til å ta opp viktige spørsmål om korleis bitcoin, kryptovaluta, kryptoaksjar og liknande bør passast inn i denne skattereformen. Blant framlegga er mva eller marginavgifter på finansielle tenester. Dvs at Noreg får eit heilt anna system enn EU.
Eg kjem til å ta opp dei utfordringane vi har møtt, og komme med konkrete framlegg til løysingar på dei. Eg har berre fem minutt, og vil ha inn mest mogleg kort og konsist på ei A4-side som skal delast ut til komiteen. Dette må vere ferdig før klokka 12 dagen før. Les stortingsmelidinga, spesielt kapittel 11 og 14, og kom med innspel!
Eg kjem først og framst til å ta opp mva-problematikken. Eg kjem òg til å ta opp den internasjonale karakteren til kryptovaluta, og kor vanskeleg det kan vere å plassere transaksjonar geografisk når ein skal definere import/eksport. Eg kjem til å be om ei klagenemnd der ein kan ta opp prinsipputtaler og liknande frå Skattedirektoratet når ein meinar at dei tek feil, utan å måtte bryte med vedtaket og gå til rettssak mot Skatteetaten med risiko for å miste hus og heim. Eg kjem òg til å ta opp framlegget frå departementet om at berre selskap som er konsesjons- eller meldepliktige til Finanstilsynet vil få pålagt marginavgifter. Det bør vere arten av tenesta som vert utført som avgjer om ei teneste er avgiftspliktig eller ikkje. Elles får vi ei gråsone av selskap som kan yte tilsvarande tenester som konsesjonspliktige føretak, utan å vere mva- eller marginavgiftspliktige, og eit prematurt press på regulering av den bransjen som er i direkte konkurranse med avgiftspliktige føretak. Og ikkje minst kjem eg til å påpeike at avgifter må ta omsyn til at kryptovaluta-bransjen er internasjonal, og ikkje skade konkurranseevna eller gjere det byråkratisk tyngre å drive i Noreg enn i utlandet. Dersom veksling mellom kryptovaluta og tradisjonell valuta kan gjerast avgiftsfritt i utlandet, vil det skade næringa i Noreg. Og Skatttedirektoratet må få tidsfristar – eg ventar framleis på svar på spørsmål eg sendte dei i 2011.
Og meir, men eg må tenkje litt meir, prioritere og fatte meg kort og konsist med konkrete framlegg.