Pages:
Author

Topic: http://bitmynt.no - page 2. (Read 17946 times)

legendary
Activity: 1437
Merit: 1002
https://bitmynt.no
March 11, 2014, 06:39:00 AM
#52
Trufaste kundar kjenner systemet mitt for automatisk kjøp av bitcoin frå før.  Enklare kan det ikkje bli å konvertere bitcoin til norske kroner rett inn på konto.  Raskt, ingen gebyr og god kurs.  Det einaste du må gjere er å overføre bitcoin når du ynskjer å selje.  Tenesta har gjennomgått testing ei god stund og er offisiell frå og med i dag.
legendary
Activity: 1437
Merit: 1002
https://bitmynt.no
March 02, 2014, 06:09:29 PM
#51
Mange spør korleis eg set kursen no om dagen.  Eg skal forklare litt betre enn eg har gjort over:

Kvart minutt sjekkar eit script kursen på fleire ulike børsar og reknar ut eit vekta gjennomsnitt av kjøp- og salskurs.  Kva børsar som er med og kva vekt dei får vil variere litt.  Den vekta kjøpskursen vert deretter multiplisert med ein faktor som vert bestemt av min eigen balanse mellom bitcoin på lager og pengar på konto.  Dersom eg har mange pengar på bok og lite bitcoin på lager, vert denne faktoren høg slik at kjøpekursen min vert høgare enn det vekta gjennomsnittet.  Omvendt når eg har lite pengar på konto og mange bitcoin på lager.

Før var spreaden min, dvs skilnaden mellom kjøpekurs og salskurs, konstant 2,5%.  Det var veldig bra (for meg) i stabile periodar, men når kursen var ustabil kunne det slå veldig dårleg ut.  No vert spreaden bestemt av fleire faktorar.  Minimum er 2%.  Det må eg ha i forteneste for å kunne vekse og ta risiko.  Dersom spreaden i dei vekta kursane mine er høg, vil spreaden min justerast opp tilsvarande.  Når kursane endrar seg veldig fort vil kursen på den sida kursen går mot endre seg fortare enn kursen på motsett side.  Dvs at dersom kursen går veldig raskt oppover, vil salskursen min justere seg oppover fortare enn kjøpskursen.  Når kursen fell brått vil kjøpskursen fylgje etter fortare enn salskursen.  Dvs at spreaden i ein periode vil vere høgare enn vanleg.  Dette vert spesielt tydeleg ved raske kursendringar i begge retningar.

Akkurat no er spreaden min litt under 2,7%.  Hovudsakleg pga høg spread på to av børsane som er med i utrekninga.  Kjøpskursen min er nesten 2.9% betre enn beste bod på Bitstamp.  Det er eit teikn på at eg har mykje pengar på konto og lite bitcoin i lommeboka, og inviterer til arbitrasjehandel.  Eg kan gjere denne arbitrasjehandelen sjølv, men byr litt ekstra for å få raskare omsetning og redusert risiko.  Andre dagar kan det vere omvendt.

For å ta opp raske svingingar vert kursen sett i form av ein justeringsfaktor mot ein referansekurs.  Kva kurs som vert brukt som referanse kan variere.  For tida er det Bitstamp.  For å unngå for hyppige API-oppslag mot børsane vert ikkje kursane på heimesida oppdatert meir enn ca 2 gongar i minuttet.  Ved kvar handel, kjøp eller sal, gjer eg eit nytt oppslag for å rekne ut nøyaktig kurs.
legendary
Activity: 1437
Merit: 1002
https://bitmynt.no
March 02, 2014, 04:47:55 PM
#50
Noen fare for at BTC bryter totalt sammen nå? Ser det er flere firma som går ut av bitcoins som betalingsmiddel.
Nei, bitcoin er ikkje avhengig av nokon enkeltpartar.

Quote
BTC-E ser også noe skummel ut for tida, stadig nedetid.
BTC-E har eg alltid vore skeptisk til.  Har ikkje konto der sjølv.
sr. member
Activity: 263
Merit: 250
March 02, 2014, 05:07:31 AM
#49
Noen fare for at BTC bryter totalt sammen nå? Ser det er flere firma som går ut av bitcoins som betalingsmiddel.

BTC-E ser også noe skummel ut for tida, stadig nedetid.
legendary
Activity: 1437
Merit: 1002
https://bitmynt.no
March 01, 2014, 08:06:04 PM
#48
Du mista vel en del på MTGox siden du hadde roboter der?
Ja, eg mista ein god del.  Roboten min genererte mykje forteneste.  Mykje meir enn eg tener på min vanlege jobb.  Problemet med robotar er at dei må ha pengar/bitcoin for å kunne tene meir pengar/bitcoin.  Roboten min er spesielt innretta mot valutahandel via bitcoin på MtGox, og kan ikkje fungere på andre børsar.  Dermed var alternativa å anten handle på MtGox og tene pengar, eller ikkje handle og ikkje tene pengar.  Då var det litt synd at det gjekk som det gjekk.  Trøysta får vere at det opprinnelege innskotet var ca 400 kroner og to timars arbeid.
hero member
Activity: 490
Merit: 500
:)
March 01, 2014, 07:51:40 PM
#47
Du mista vel en del på MTGox siden du hadde roboter der?

Tapte 0.3 her :p
sr. member
Activity: 263
Merit: 250
March 01, 2014, 06:27:04 AM
#46
Du mista vel en del på MTGox siden du hadde roboter der?
legendary
Activity: 1437
Merit: 1002
https://bitmynt.no
February 13, 2014, 09:29:18 AM
#45
Litt nytt:

Eg genererer no min eigen kurs.  Han avspeglar reell marknadskurs, men er meir fleksibel for å kunne tilpassast periodar med auka sals- og/eller kjøpspress.  Spreaden vil òg variere med volatiliteten i marknaden.

So langt har ikkje det pågåande åtaket der nokon med vilje endrar txid på transaksjonar for å framprovosere feil i programvare her og der påverka bitmynt.no direkte utover eit par små irritasjonsmoment.  Ein indirekte konsekvens er at store sal kan vere vanskelegare pga bitcoin som er låst fast på andre børsar, men til no har det gått bra.
legendary
Activity: 1437
Merit: 1002
https://bitmynt.no
January 28, 2014, 07:16:15 PM
#44
Dette er gode ting. Jeg har Dnb selv og vurdert å kontakte deg. Sitter fortsatt i tenkeboksen og lurer på om jeg skal "investere" mer i Bitcoin. Gjorde noen dårlige vurderinger tidligere og tapte en del. Hvis jeg skal kjøpe fler så kontakter jeg deg. Vet du om det er et grensebeløp i NOK for bankenes del i forhold til rapportering osv.
Eg kjenner ikkje til rutinene til bankane, men det går eit par magiske grenser for når dei skal rapportere dersom dei har grunn til å mistenkje noko muffens.  Grensene er 30000 kroner for kontantar og 50000 kroner for andre betalingsmåtar.  Dersom dei har grunn til å tru at fleire overføringar har samanheng med kvarandre, skal det rapporterast dersom totalsummen går over denne grensa.  Eg veit ikkje kva som kan trigge mistanke.  Dei rapporterer heilt sikkert ikkje alle overføringar.  Sjølv har eg ei grense på 50000 kroner for første handel.  Skal du kjøpe for meir enn det må eg "kjenne deg" først.  Dvs at vi har handla før og det har gått bra; betalingane kjem til rett tid i same namn, osv.

Quote
En liten ekstrating: Vet du om det er noen grense for ut/innbetalinger internasjonalt sett opp i mot raportering? Trår fortsatt varsomt i dette landskapet. Smiley
Alle overføringar til utlandet vert rapportert til Toll- og avgiftsdirektoratet.  Elles gjeld dei same grensene som for NOK.

Quote
Har et uttak fra Mt.Gox 19 november til DNB som fortsatt ikke er ankommet.Har du kjennskap nok til å vite "hvor forsinket de er med internasjonale uttak?
For den typen uttak som kallast "International wire" er køa veldig lang og går veldig seint framover.  Eg veit ikkje kor lang, dessverre.  Dei kan ikkje overføre frå sin vanlege bank i Japan fordi somme store USAnske bankar sender utbetalingar i retur.  Det er dyrt og medfører veldig mykje arbeid, og banken sa til slutt stopp.  Sidan dei ikkje kan vite på førehand kva rute ei betaling tek, får dette fylgjer for alle vanlege utanlandsbetalingar.

EUR via SEPA-overføring går derimot fint.  Sist eg fekk rapport tok det tre veker, men eg tippar køa er litt lenger no pga den store skilnaden i kurs.  No skal alle a ut på ein gong, og dei er avgrensa til 100k EUR om dagen i den polske banken.  For å kunne sende SEPA-overføring til ein konto må banken vere medlem i TARGET2.  Det avgrensar utvalet av norske bankar ein del.  Eg tippar dei krev det for å unngå at betalinga vert stansa av Citibank på veg til kundar i norske Skandiabanken og andre bankar som brukar Citibank som samarbeidspartnar for SEPA-overføringar.  Citibank er ein av bankane som sender pengar frå MtGox i retur.  Større bankar er gjerne direkte med i TARGET2, til dømes DNB og Danske Bank.
full member
Activity: 183
Merit: 100
January 28, 2014, 03:18:55 PM
#43
Eg har teke i bruk ein konto i DNB til handel.  Dersom du har konto i DNB kan du dermed få bitcoin på minuttet etter at du har overført, sjølv i helgene.  Hugs å nemne at du har konto i DNB for å få oppgitt rett kontonummer.  For at overføringa skal gå øyeblikkeleg må du slå på straksoverføring under innstillinger -> betalingsinnstillinger i nettbanken.

Til alle som ber meg skaffe meg ein konto i Skandiabanken: Eg har prøvd.  Eg var kunde der i ein heil dag før eg sa opp kontoen og klagde Skandiabanken inn til Finansklagenemnda.  Skandiabanken sender alle SEPA-overføringar via USAnske Citibank.  Det medførte at ei av tre av mine overføringar til Europa vart stansa pga USAnske restriksjonar.  (Ei overføring til Intersango medan det framleis var aktivitet der.)  Eg klagde Skandiabanken inn til Finansklagenemnda fordi dei ikkje opplyser om at dei praktiserer USAnske restriksjonar for overføringar mellom europeiske land.  Ingen andre bankar eg har prøvd hadde problem med å gjennomføre overføringa som Skandiabanken stansa.  Skandiabanken tok kontakt etter kort tid og inngjekk forlik for å sleppe ei sak i Finansklagenemnda.  Det er flerie grunnar til å vere skeptisk til ein bank som sender alle europeiske overføringar via USA, so eg kjem ikkje til å verte kunde i Skandiabanken att.


Dette er gode ting. Jeg har Dnb selv og vurdert å kontakte deg. Sitter fortsatt i tenkeboksen og lurer på om jeg skal "investere" mer i Bitcoin. Gjorde noen dårlige vurderinger tidligere og tapte en del. Hvis jeg skal kjøpe fler så kontakter jeg deg. Vet du om det er et grensebeløp i NOK for bankenes del i forhold til rapportering osv.
En liten ekstrating: Vet du om det er noen grense for ut/innbetalinger internasjonalt sett opp i mot raportering? Trår fortsatt varsomt i dette landskapet. Smiley

Har et uttak fra Mt.Gox 19 november til DNB som fortsatt ikke er ankommet.Har du kjennskap nok til å vite "hvor forsinket de er med internasjonale uttak?
legendary
Activity: 1437
Merit: 1002
https://bitmynt.no
January 25, 2014, 03:04:33 PM
#42
Eg har teke i bruk ein konto i DNB til handel.  Dersom du har konto i DNB kan du dermed få bitcoin på minuttet etter at du har overført, sjølv i helgene.  Hugs å nemne at du har konto i DNB for å få oppgitt rett kontonummer.  For at overføringa skal gå øyeblikkeleg må du slå på straksoverføring under innstillinger -> betalingsinnstillinger i nettbanken.

Til alle som ber meg skaffe meg ein konto i Skandiabanken: Eg har prøvd.  Eg var kunde der i ein heil dag før eg sa opp kontoen og klagde Skandiabanken inn til Finansklagenemnda.  Skandiabanken sender alle SEPA-overføringar via USAnske Citibank.  Det medførte at ei av tre av mine overføringar til Europa vart stansa pga USAnske restriksjonar.  (Ei overføring til Intersango medan det framleis var aktivitet der.)  Eg klagde Skandiabanken inn til Finansklagenemnda fordi dei ikkje opplyser om at dei praktiserer USAnske restriksjonar for overføringar mellom europeiske land.  Ingen andre bankar eg har prøvd hadde problem med å gjennomføre overføringa som Skandiabanken stansa.  Skandiabanken tok kontakt etter kort tid og inngjekk forlik for å sleppe ei sak i Finansklagenemnda.  Det er flerie grunnar til å vere skeptisk til ein bank som sender alle europeiske overføringar via USA, so eg kjem ikkje til å verte kunde i Skandiabanken att.
member
Activity: 66
Merit: 10
Global Currency for Global Unity
January 22, 2014, 09:08:10 AM
#41
Gjennomførte nettopp en handel med Sturle/bitmynt.no og ville bare si at det var en meget positiv opplevelse. Anbefales Smiley

legendary
Activity: 1437
Merit: 1002
https://bitmynt.no
January 07, 2014, 12:57:11 PM
#40
Hmmm. Storhandel-siden din er visst ikke tilgjengelig nå?
Sida er oppe no.  Bitstamp var nede ei stund, og det kan ha lagd trøbbel for scriptet.  Skal teste litt.
sr. member
Activity: 476
Merit: 250
January 07, 2014, 12:40:39 PM
#39
Hmmm. Storhandel-siden din er visst ikke tilgjengelig nå?
legendary
Activity: 1437
Merit: 1002
https://bitmynt.no
December 19, 2013, 09:49:06 AM
#38
Eg ser at stadig fleire lastar ned heimesida med jamne mellomrom.  Sikkert for å lage fine grafar, etc.  No har eg lagd ein ticker som gjer det litt enklare.  Han kjem i tre variantar:

NOK vanleg kjøp og sal: http://bitmynt.no/ticker-nok.pl
EUR vanleg kjøp og sal + valutakursane eg brukar: http://bitmynt.no/ticker-eur.pl
NOK + EUR + valutakursar + kurs for større kjøp: http://bitmynt.no/ticker.pl

NOK-tickeren er den raskaste.  Dei andre hentar kursar frå fleire kjelder og tek 2-3 gongar lengre tid.  Han er no uansett ein del raskare enn konkurrenten. Wink

Code:
$ time wget -qO/dev/null http://bitmynt.no/ticker-nok.pl
real 0m0.211s

$ time wget -qO/dev/null http://bitmynt.no/ticker.pl
real 0m0.466s

$ time wget -qO/dev/null https://api.justcoin.com/v1/markets
real 0m14.054s
legendary
Activity: 1437
Merit: 1002
https://bitmynt.no
December 10, 2013, 04:24:05 AM
#37
Kan sälja BTC till samma kurs som svenska Kapiton.se
Begge kursar varierer.  Min kurs for større kjøp akkurat no er 5690.7454 NOK.  Beste bod på Kapiton er 4850 SEK, som tilsvarer 4564.82 NOK.  Eg kan godt kjøpe til redusert kurs dersom du ynskjer det. :-)
member
Activity: 98
Merit: 10
December 09, 2013, 08:56:10 PM
#36
Kan sälja BTC till samma kurs som svenska Kapiton.se
legendary
Activity: 1437
Merit: 1002
https://bitmynt.no
December 09, 2013, 06:40:19 AM
#35
I det siste har mange kontakta meg for sal av relativt store summar.  Meir enn eg kunne handtere med det eg har på konto.  Når balansen går over ei viss grense pleier eg å overføre til utanlandske børsar, for å unngå å komme bakpå.  Eg ynskjer heller ikkje å bli utnytta til enkel arbitrasjehandel som eg like godt kunne gjort sjølv.  Difor har eg som regel avgrensa kjøp til 10 000 kroner pr dag pr person.

No har eg funne ei god løysing på problemet, og kan kjøpe for mykje større summar.  Sjå http://bitmynt.no/storhandel.pl for kurs og vilkår for større kjøp.  Kursen er litt lågare enn min vanlege kjøpskurs, men er som regel likevel den beste i landet når du skal selje større mengder.

Eg har hatt tilsvarande tilbod til seljarar i Europa i lang tid, og har kjøpt inn mykje på den måten.  Du får normalt pengar inn på konto neste dag, men ved stor pågang kan det ta nokre dagar.  Eg tek ingen gebyr.  Korkje handelsgebyr, uttaksgebyr, vekslingsgebyr eller bankgebyr.  Du vel sjølv når du vil selje, og får kursen som gjeld i det bitcoin-overføringa vert kjend i nettet.  Det er ingen brysom registrering av alskens personleg informasjon heller.  Eg treng berre namn og kontonummer.  Adresse, telefonnummer, fødselsnummer og skonummer kan du halde for deg sjølv.
legendary
Activity: 1552
Merit: 1047
sr. member
Activity: 263
Merit: 250
November 29, 2013, 05:21:21 AM
#33
Har ein på BTC-e
Pages:
Jump to: