Er API-nøkkelen framleis SHA256 av brukarnamn + passord som vert sendt med som argument til GET, eller har de klekt ut noko betre?
Ja, jeg har overveid alternativene og står ved valget mitt. Å bygge sikkerhet oppå TLS er
security through obscurity. Jeg setter pris på at du vil hjelpe å sikre Justcoin og at du veier inn med din erfaring, spesielt ang. adgangsnivåer for API-nøkler.
Passord er pr definisjon security through obscurity.
TLS sikrar ikkje i det heile mot mange typar åtak og brukarfeil. Nettopp difor er det lagd fleire standardar for å fungere saman med TLS for å forbetre tryggleiken. Dei er på ingen måte obskure, men
secure by design. Til dømes signert REST (brukt av MtGox, Bitcurex og Amazon). Det sikrar mot åtak som TLS
ikkje gjev noko vern mot. Kvar request må vere signert og unik. Enkelte (Localbitcoins, Bitcoin-Central, Google, Facebook) brukar OAuth 2 til API-autentisering og autorisering, men OAuth 2 er ikkje sikrare enn TLS. (OAuth 1 kan signere requestar, men har andre problem.)
Kva om ein brukar skriv feil ein gong han skal bruke APIet og hamnar på justcoin.co (førebels ikkje registert) i staden for justcoin.com? Då har eigaren av justcoin.co API-nøkkelen til brukaren i loggen sin. So enkelt er det å få API-nøkkelen på avvege. Ville ein gjennomsnittsbrukar då tenkt at eigaren av justcoin.co no har full tilgong til kontoen, sjølv om brukaren har tofaktorautentisering på web-grensesnittet? Med signerte requestar kan du ta det heilt med ro. Dei er verdilause for alle andre. Det er eitt døme der at TLS ikkje gjev noko vern, medan signert REST er sikkert.
Eg brukte forresten nett på båten mellom Hirtshals og Bergen her om dagen. Det var gratis og tregt som fy, og all trafikk, inkludert SSL, gjekk via ein proxy som komprimerte bilete og cacha grundig. No godtek ikkje eg kva som helst av sertifikat, men ein brukar som "måtte" ha tilgong til Justcoin der og då ville kanskje gjort det. *Poff*. Med signerte requestar er det derimot trygt, og eg kunne handle gjennom APIet til MtGox utan å vere redd for at brukbar autentiseringsinformasjon kom på avvege.